Botnen Camping er ein kjekk stad å vere for den fiskeinteresserte. Det går an å fiske med stang frå stranda, eller ein kan leige ein av båtane våre og ta ein tur utpå fjorden og prøve fiskelukka der.

Dersom ein heller vil fiske i ferskvatn, er det fleire stader ein kan velge mellom. Vi på Botnen Camping informerer så gjerne om dette. Dei fleste stadene må ein kjøpe fiskekort av grunneigar.

Dersom ein er over 18 år og ynskjer å fiske laks, sjøaure eller sjørøye, må ein i tillegg ha betalt Fiskeravgift. Meir informasjon om dette kan ein finne her : http://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Jakt-og-fiske/Fritidsfiske/Fiskeravgift/

180513_Bubil_fisking
180513_Ynnesdalselva
180513_Båtar
previous arrow
next arrow
Shadow