Opplev å vakne i ei god seng og lytte til fuglekvitter med flott utsikt over Sognefjorden framom deg. Dette kan du oppleve på Botnen camping i eitt av våre nye glampingtelt med stor terrasse. Sanitæranlegg og kjøkken ligg like ved glampingtelta.

Telta er innreidde som eit hotellrom med oppreidd dobbeltseng, og har innlagt straum. I telta er det i tillegg varmeomn, handdukar, teppe på golv, samt stolar og bord som ein også kan ta med ut på terrassen. Telta er plassert slik at du kan nyte solnedgang og soloppgang med flott utsikt til Sognefjorden.

Det er og mogleg å kjøpe frukost og enkle måltid på Botnen camping sin kafè.

previous arrow
next arrow
Shadow
Slider