Vegkart Bergen - BotnenBotnen camping ligg idyllisk til ytterst i Sognefjorden, mellom Oppedal og Rutledal. Frå Bergen er det ca 1,5 time køyring nordover langs E 39, avkøyring ved Instefjord – sjå kartet.

Plassen ligg ved sjøen, med svært gode muligheiter for fisking. Det er og mange flotte turstiar i området. Du finn meir informasjon om dette under menypunktet «Attraksjonar og aktivitetar».

Me har 8 hytter til utleige. 5 hytter på 24 m2 med liggeplass til 4 personar. 3 enkle hytter på 12m2 med liggeplass til 2 +. I tillegg har me eit naust med 5 rom med liggeplass til 2.

Me har 30 plassar for faste campingvonger. Campingplassen har gode oppstillingsplassar for turistar som kjem med bubilar og campingvonger. I tillegg er det gode teltplassar. Alle har tilgang til straumuttak.

I 2014 vart det bygd nytt sanitæranlegg, i tillegg til ny respesjon, enkel butikk og kafe med matservering. Det er og tilgang på felles kjøkken, vaskemaskin, tørketrommel m.m. Campingsplassen har 6 båtar til utleige.

Opningstider:
April – mai :
10.00 – 12.00 og 18.00 – 20.00
Juni, juli og august :
09.00 – 22.00
September :
10.00 – 12.00 og 18.00 – 20.00
Campingplassen er vinterstengt.