Her vil du finne forslag til fine og interessante turmål. Informasjon om fleire turmål vil kome etter kvart.

Gulatinget ligg i Eivindvik 40 min køyretur får Botnen Camping. Gulatinget var det største lagtinget i Norge frå 900 til 1300. Tinget var lovgjevande, utøvande og dømmande makt, og lovområdet femna heile kysten, samt Hallingdal, Setesdal og Valdres. Gulatingslova er den eldste lova i Norden. I Eivindvik kan du vitje den autentiske tingstaden, der det angliske korset frå 900 talet markerer plassen der Gulatinget først var samla. Her finn du og «Herresalen» der Henrik Wergeland budde då han vitja den legendariske prosten Nils Griis Alstrup Dahl og skreiv diktet «Eivindvik». Meir informasjon finn du her: http://www.gulatinget.no/

Solund er ein øykommune i Sognefjorden. Får Botnen camping kan du ta ferja frå Rutledal til Krakhella i Solund. I Solund kan ein vere med postbåten på øyhopping, der ein og kan ha med sykkel. For meir informasjon, sjå : http://www.solund.info/i-solund/aktivitetar/

Skjerjehamn ligg i Gulen kommune, ca 1 time frå Boten Camping. Dette er ein gamald handelsstad, som var eit kuntepunkt for skipstrafikken på Vestlandet. Den gamle sveitersvillaen frå 1891 er restaurert, og bidreg til at området har ein flott atmosfære i innløpet til Sognefjorden. På Skjerjehamn kan du og sjå statuen av kong Olav V. For meir informasjon sjå; http://www.skjerjehamn.no/

Massnes Vilmarksmuseum ligg på sørsida av Sognefjorden ca 1 time frå Botnen Camping. Her kan ein oppleve dyr frå den norske naturen. Du finn Massnes villmarksmuseum på kartet ved å peike og klikke her.