Vi på Botnen camping er glade for å kunne utvide slik at vi kan ta imot fleire gjester, og i år har vi gleda av å ynskje gjestene våre velkomne til ei ny hytte, og til ei ny leiligheit.
Den nye hytta er innreidd med to soveplassar. Det er ikkje lagt inn toalett og bad i denne hytta, ein nyttar felles toalettanlegg på campingplassen. I biletserien over kan ein sjå den nye hytta, både på utsida og innsida.
Biletserien over syner den nye leiligheita. Huset ho er i, ligg heilt nede ved sjøkanten. Det er sengeplass til fire personar i leiligheita, som er godt utstyrt, mellom anna med koketopp, steikeovn og mikrobølgeomn på kjøkkenet.
Frå stova er det dør rett ut til eigen privat veranda med panoramautsikt over fjorden.